Alain Schroeder Reporters/Press Agency/European Union

ENERGIMAKT: I ei ny bok dykkar ei rekkje forskarar ned i korleis EU påverkar resten av verda gjennom reguleringsmakta si. Seniorforskar Jakub Godzimirski ved NUPI er redaktør.

Energifelt i høgspenn

Publisert: 13. nov. 2015

Russland leverer i dag ein tredjedel av EU sin energiimport, men etter Ukraina-krisen er forholdet spent. Kan løysinga vere energiforsyningar frå USA eller Brasil?

- Ein tredjedel av energien som EU må importere blir importert i dag frå Russland, seier forskingsprofessor Jakub Godzimirski ved NUPI, som er aktuell som redaktør for ei ny bok om EU si energiframtid.

Resultata i boka spring ut av EU-prosjektet GR:EEN.

- Vi tek blant anna for oss korleis krisa i Ukraina har påverka og gjort forholdet mellom Russland og EU spent, også på energisida. Hovudkonklusjonen er at EU bør og har begynt å sjå etter andre energiløysingar, blant annan meir import av fossilenergi frå andre område, som USA eller Brasil, og meir satsing på fornybare energiressursar. I sin søken etter nye energiløysingar har EU satsa på å bruke mange element frå den politiske og økonomiske verktøykassa si, inkluderte reguleringsmakta si, marknadsmakte og andre tilgjengelege instrument, seier Godzimirski

Spent forhold

Russland har til no tent mykje på eksport av energiressursar til EU.

- Men Russlands bruk av militær makt har undergrave dei viktigaste prinsippa for samarbeid i Europa, og mange har begynt å snakke om ein ny kald krig i forholdet mellom Russland og Vesten. Dette har også konsekvensar i form av at energisamarbeidet med Russland blir oppfatta som vanskelegare enn før.  

Det spente forholdet mellom Russland og EU kan føre til at EU-landa må vende nasen i motsett retning - frå aust til vest - for å dekkje energibehovet sitt.

- Nokre av EU-landa som var avhengige av Russland, som Polen og Litauen, har satsa på å byggje såkalla LNG-terminalar som blir brukte til å importere energi frå andre kjelder, og EU satsar tungt på utbygginga av energiinfrastruktur for å minimalisere risikoen forbundet blant anna med import av energi frå Russland.

Satser på fellesskapet

Boka undersøkjer dei institusjonelle rammene for utviklinga av EUs energi- og miljøpolitikk, og spør: Korleis påverkar EU resten av verda gjennom reguleringsmakta si?

- EU er den største energiimportøren i verda og bruker sin marknadsmakt til å påverke både den regionale og den globale energimarknaden. I tillegg har EU satsa på å koordinere energipolitikk til medlemslanda sine og har utvikla eit regelverk som alle som vil kome på det attraktive EU marknaden må stilla seg seg til. Resultata av denne politikken er blanda men krisen i Ukraina har fått EU til å satse meir på ein felles energipolitikk, blant anna i form av Energiunionen.   

Kan Brasil vere løysinga?

- Brasil blir rekna for å vere ein av dei viktigaste framtidsprodusentane av både fossil og fornybar energi. Det er store forventingar knytte til samarbeid mellom Brasil og EU. Kva kjem til å skje på den brasilianske oljesokkelen framover? Det er spennande! seier Godzimirski. 

Ifølgje han ser Brasil ut til å i dei komande to åra bli den raskast veksande marknaden for eksport av energi.

- Brasil er i tillegg det landet i verda som dekkjer store delar av energibehovet sitt gjennom fornybare ressursar. Dei har satsa tungt på både vasskraft og biodiesel og det passar godt med EU sitt fokus på berekraftig utvikling på energifeltet.

EU i verda

Forskarane tek også opp EU si rolle i den framtidige globale energisituasjonen i boka, som har tittelen «EU Leadership in Energy and Environmental Governance -Global and Local Challenges and Responses» (Palgrave Macmillan, 2015). 

- Korleis skal EU gjere seg synleg og gjeldande i det store biletet? Det er spørsmålet vi stiller oss sjølv i konklusjonen. EU står i dag overfor mange energirelaterte utfordringar og må finne ein vanskeleg balanse mellom målsetjingane sine. EU har eit sterkt ønske om å utvikle eit meir berekraftig energisystem både i Europa og globalt, men ønskjer også å behalde konkurranseevne i det globale økonomiske spelet og må prøve å unngå å prise seg ut av marknaden ved å satse på altfor kostbare energiløysingar, seier Godzimirski og legg til:

- I tillegg må EU sørgje for å få tilgang til dei energiressursane som må importerast for å halde seg levedyktig. Og alt dette skjer i ei ny global ramme, med minskande vestleg påverknad og med eit EU som må konkurrere globalt, også om tilgang til energiressursar, med nye veksande økonomiar som ikkje alltid deler unionen sitt syn på korleis det framtidige energisystemet bør sjå ut.  

Publikasjoner

Prosjekter