Bildet viser Juncker og Jinping European Union/Aman Sharma

FRAGMENTERT: NUPIs Asia-eksperter mener EU bør gi en mer unison respons enn i dag på den amerikanske vendingen mot Asia. Her er Europakommisjonens president Jean-Claude Juncker og Kinas president Xi Jinping på G20-møtet i 2014.

Kva no, Europa?

Publisert: 4. feb. 2016

Korleis bør EU reagere på USA si politiske vending mot Asia?

I 2011 erklærte USA sin president Barack Obama ei strategisk vending mot Asia, også kjend som the pivot to Asia.

- Denne vendinga gjekk blant anna ut på å utplassere fleire amerikanske militærressursar i Stillehavet, og styrking av banda til nøkkelallierte og vennskapsstatar som Japan, Australia, Filippinane og Vietnam, forklarer seniorforskar Marc Lanteigne ved NUPI.

I ein fersk artikkel publisert av den velrenommerte tenkjetanken The Brookings Institution undersøkjer NUPI-forskarane Lanteigne og Bjørnar Sverdrup-Thygeson, saman med direktør Ulf Sverdrup, Europa sin reaksjon på denne nye amerikanske politikken.
- «Pivot»-politikken var ei erkjenning av Stillehavsregionens aukande økonomiske og politiske innverknad, så vel som uroer for Kina si vekst og effekten denne har på tryggingspolitiske spørsmål i Asia, forklarer Lanteigne.

Vekk frå Midtøsten

Ifølgje forskarkollega Bjørnar Sverdrup-Thygeson, reflekterer vendinga eit strategisk skifte vekk frå Midtøsten og Sentral-Asia i retning Stillehavsregionen:

- Obama-administrasjonen vurderte det slik at meir enn ti år med krigar i Afghanistan og Irak hadde teke merksemda vekk frå regionen med størst langsiktig vekt for amerikanske interesser og den internasjonalen orden, nemleg Asia-Stillehavet.

Forfattarane peiker på at sjølv om den amerikanske vendinga mot Asia har fungert som ein katalysator ei europeisk vending, har ikkje responsen på denne vorne tydeleg frå europeiske styresmakter.

I staden pendlar reaksjonane mellom fire ulike alternativ for Asia-politikk, ifølgje Brookings si artikkeloppsummering: Et formelt samarbeid med USA, ei koordinering med Washington der Europa si «mjuke makt» kompletterer amerikansk leiarskap, sameksistens med ein «uavhengig» europeisk posisjon og konkurranse og radikal politisk omstilling.

Gyllen middelveg

- I motsetning til USA, har EU sin reaksjon på Kina si vekst og Øst-Asias aukande vekt vore meir fragmentert. Et argument handler om hvorvidt en enhetlig regional politikk overfor Øst-Asia er nødvendig, men det er også et spørsmål om en EU-vending mot Asia bør være i samarbeid eller i konkurranse med USA, forklarer Lanteigne, og legger til:

- Vår artikkel argumenterer for at ein middelveg er best, då EU si evne til å opptre som ein samla utanrikspolitisk aktør for tida er avgrensa, særleg med tanke på perioden med økonomisk uvisse vi er inne i.

Må vere relevante

Lanteigne seier at mens fleire EU-medlemer, deriblant Storbritannia og Danmark, har ynskja forsterka relasjonar med Kina, har ein framleis til gode å sjå eit svar på både Kina si vekst og andre presserande spørsmål i Asia i EU.

- Dette bør handterast på kort sikt, fordi problemstillingar som er aktuelle for fleire regionar blir fleire. Samtidig trengst meir samanhengande kommunikasjon mellom Europa og USA om Stillehavsregionen.

EU bør i større grad ta den transatlantiske faktoren med i berekninga i forholdet til land i Stillehavsregionen, meiner Sverdrup-Thygeson:

- Det er veldig viktig at Europa fortset å halde på merksemda til USA, og for å klare det bør EU sikre at dei er relevante, ikkje berre ved å takle problem langs eigne grenser, men også ved å vere ein relevant aktør for USA no som dei rettar fokus mot Asia og Stillehavet.

Europeiske utfordringar

Sidan starten av Xi Jinpings styre i Kina, har Beijing teke fare på ei ambisiøs oppbygging av regimet, blant anna som samarbeidspartnarar i utviklinga av New Development Bank (NDB) og Asian Infrastructure Investment Bank (AIIB). I tillegg søkjer Kina å byggje såkalla «Belte- og veg»-ruter i Asia, for å kople kinesiske marknader til europeiske.

- Fleire av desse prosjekta har inkludert enkeltstatar i Europa, sjølv om lite har stått i vegen for ein EU-respons på desse nye organisasjonane. Spørsmålet om korleis Kina, som også knyter sterkare band til andre austasiatiske aktørar, skal handterast, blir meir presserande, seier Lanteigne.

Ifølgje Sverdrup-Thygeson illustrerer ei hending frå 2015 godt mangelen på europeisk koordinering:

- Måten europeiske statar blei medlemer av AIIB i siste liten i fjor, mot Washington sin vilje, tener som eit godt eksempel på dei fragmenterte europeiske reaksjonane på korleis ein best balanserer det transatlantiske forholdet med dei nye geopolitiske realitetane i kjølvatnet av Kina si vekst.