JOBBER FOR FRED: Freds- og utviklingsrådgivere sammen med NUPI-forskere.

Freds- og utviklingsrådgjevarar frå FN samlast på NUPI

Publisert: 16. juni 2017

NUPI, saman med Oslo Governance Center, er vertskap for fred- og utviklingrådgjevarar frå FN.

Frå måndag 19. til fredag 30. juni arrangerte NUPI og Oslo Governance Centre (OGC) (under FN sitt utviklingsprogram) det andre PDA (peace and development advisors) Fellowship Program med fokus på lokal forankring og bygging av motstandsdyktigheit og lokale og nasjonale kapabilitetar til konfliktførebyggjing og varig fred.

Programmet er ein moglegheit for seks FN-rådgivarar å reflektere over viktige tema knytt til deira arbeid. NUPI, saman med OGC, arrangerte fyrste seminaret i november 2016 med fokus på inkluderande nasjonal dialog.

Dei seks rådgivarane arbeider med å bidra til og promotere lokalt eigarskap, motstandsdyktigheit, konfliktførebyggjing og varig fred i landa der dei er stasjonerte, og tar med seg oppdaterte analyser frå landa deira. I løpet av Programmet får dei moglegheita til å studere akademisk litteratur på feltet, og i Oslo møter dei også personar som utformar politikken og dei som gjennomfører denne politikken.

Oppdatering veke 1:

Fredag 23. juni var PDA-programmet halvvegs. I løpet av fyrste veke fokuserte seminaret på inkluderande lokal forankring og bygging av nasjonale kapabilitetar for førebygging av konflikt. FN-rådgivarane reflekterte over korleis med forstår, operasjonaliserar og tilnærmar oss desse tema og konsepta. Elles har dei gått djupare inn i den akademiske litteraturen på tema.

Forutan å møte med forskarar ved NUPI, møtte FN-rådgjevarane Utanriksdepartementet, Oslo Governance Center (Oslo-kontoret til FN sitt utviklingsprogram) og generalmajor Kristin Lund. Lund vart fyrste kvinnelege styrkesjef då ho var i Kypros med denne jobben frå 2014-2016. Dessutan diskuterte dei framtida til FN sine fredsoperasjonar og sivil-militære koordinasjon med deltakarar på eit FN-kurs organiser av Norwegian Defence International Centre (NODEFIC). Dei møtte også Jairo Acuña-Alfaro frå UNDP i New York og snakka om bygging av grunnleggjande regjeringsfunksjonar i sårbare statar.

Oppdatering veke 2:

I andre og siste veke arbeidde FN-rådgivarane med motstandskraft i samband med fredsbevaring, samanheng i FN-systemet og strategiske rammeverk for å bygge effektive forhold med lokale og nasjonale partnarar. Dei møtte også Elisabeth Slåttum, Noreg sin spesialutsending til fredsprosessen med NDFP i på Filippinene, for å utveksle erfaringar og ekspertise på lokalt eigarskap i fredsprosessar. Dei deltok også på eit seminar på NUPI med eit utval relevante personar frå ulike institusjonar i Oslo. Dei to vekene vart avslutta 30. juni med ord av NUPI-direktør Ulf Sverdrup og Endre Stiansen frå UNDP OGC.

Dei seks rådgivarane er:

1.      Anthony Agyenta (tidlegare rådgivar i Kenya)

2.      Archana Aryal (leiar for Democratic Transition Unit, UNDP Nepal)

3.      Chetan Kumar (rådgivar i Philippines)

4.      Joanna Nassar (prosjektleiar for UNDP Peace Building i Libanon)

5.      Waly Ndiaye (rådgivar i Guinea)

6.      Zebulon Takwa (rådgivar i Nigeria)

Sjå også presentasjon av rådgjevarane her:

PDA Fellowship_2nd cohort_Bios of participating Fellows.docx (881,5 kB)