Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk

I kva retning går Cuba?

Publisert: 14. des. 2015

For to generasjonar kubanarar har det vore nesten utenkeleg at Cuba kunne leiast av andre enn revolusjonsleiaren Fidel Castro. Dei fleste rekna med at revolusjonen ville stå og falle med han, særleg då han på nesten mytisk vis klarte å redde regimet etter Murens fall i Europa i 1989.

2: Korleis blir Cuba endra under Raúl Castro?

Den 31. juli 2006 måtte Fidel likevel be om permisjon pga. ein alvorleg tarmsjukdom. Etter det har veslebror Raúl Castro, nestkommanderande heilt sidan revolusjonskampen på 1950-talet, leia parti og stat på Cuba. I 2008 trekte Fidel seg definitivt tilbake og Raúl blei president også formelt. Mange meiner at dei reformene Raúl har gjennomførd etter 2006, er meir gjennomgripande enn noko anna som har skjedd sidan den sosialistiske revolusjonen på Cuba i 1959 og etter at den blei erklært marxist-leninistisk tidleg i 60-åra.

Endringane det siste tiåret er basert på ei klar erkjenning av at tilstanden i landet ikkje var berekraftig. Etter at den omfattande sovjetiske stønaden forsvann, gjennomlevde kubanarane på 1990-talet ei djup økonomisk og sosial krise. Den minner om kva eldre folk i Norge omtaler som «dei harde 30-åra» her til lands. Dei forsiktige økonomiske reformene Fidel motvillig innførte då, har Raúl akselerert og omgjort til «strategiske og ikkje-reversible (ikkje til å snu)» reformer. Det nye styret har erkjent at den kubanske økonomien står «på kanten av stupet» (Raúl i ein tale i 2010).

Basert på eit program som kongressen til kommunistpartiet vedtok i 2011, offisielt kalla «oppdatering av den sosialistiske modellen», har det kubanske samfunnet gjennomgått store endringar. Programmet gir på ingen måte opp sosialismen, og alt snakk om politiske reformer – utvikling mot eit liberalt demokrati – blir avvist. Men realiteten er at det kubanske samfunnet i løpet av desse åra har gjennomgått grunnleggande endringar.

3: Grunnleggande økonomiske endringar

Den kubanske leiinga har erkjent at staten gradvis må gi meir plass til privat sektor i økonomien. I 1968 blei så godt som all privat verksemd stengd. Sidan har Cuba hatt omtrent den mest statsmonopolistiske økonomien i verda. Då reformene begynte under Raúl, blei det sagt at over ein tredel av dei statstilsette måtte overførast til ikkje-statleg sektor. Vidare at mange uproduktive og ulønnsame statsbedrifter måtte stengast. Denne overgangen har likevel gått mykje seinare enn planlagt, berre ein av fem har funne arbeid utanfor offentleg sektor. Her er det ei blanding av sjølvsysselsette i enklare tenestearbeid (skomakarar, pizzaseljarar og liknande) – liknar mykje på det ein i andre land ville kalle ein uformell sektor), folk som driv småbedrifter (utan legal rett til å drive som bedrifter) som restaurantar for turistar og mindre produksjonsbedrifter.

Vidare har det statsdominerte jord-bruket blitt omfattande privatisert. I det fruktbare Cuba klarte jordbruket berre å produsere rundt 1/3 av matbehovet til landet. Om vi legg saman sjølveigande bønder, sjølvstendige kooperativbønder og ein ny kategori som forpaktar statsjord (staten har altså ikkje selt jorda), har den privatdrivne delen av jordbruksland skote i vêret frå 20 til 60 prosent på få år. Og vel å merke: Delen av mat som blir produsert av private, er langt høgare enn delen deira av jorda skulle tilseie.

Summen av alt dette er at det i dag er eit ganske yrande handleliv på kubanske gater.  Det er flust med matvarer å få kjøpt på dei fleste gatehjørne der det før mest var tomme hyller i statlege forretningar. Derimot ligg prisen på det som er å få kjøpt, langt over kva mange kubanarar har råd til. Privatiseringa har ført til at også dei sosiale og økonomiske ulikskapane har skote i vêret.

Den tredje banebrytande økonomiske delreforma er eit heilt nytt regime for utanlandsinvesteringar. Bortsett frå helse, utdanning og forsvar blir utanlandske investorar no ønskte velkommen i alle sektorar. Det er eit mål å mangedoble utanlandsinvesteringane, og dette ser ein som heilt avgjerande for å oppnå skikkeleg økonomisk vekst. Men problemet er at byråkratiet framleis arbeider så langsamt med å godkjenne investeringsplanar, at det hittil er lite som skjer i praksis.

Alt dette viser at stadig fleire kubanarar er økonomisk uavhengigeav staten. Og sjølv om det altså offisielt ikkje skal gjennomførast politiske reformer, skjer det i praksis avgjerande politiske endringar i det kubanske samfunnet. Blant anna er kubanarar ikkje lenger nøydde til å søke om løyve for å reise ut av landet. Tidlegare var det veldig vanskeleg å oppnå, noko som førte til masseflukt på skrøpelege flåtar, småbåtar og liknande (omtrent som i Middelhavet dei siste månadene). Det betyr at stadig fleire  kubanarar, særleg ungdom, no kan jobbe i utlandet og reise tilbake til Cuba fleire gonger i året. «Berlinmuren» mellom Florida og Cuba er med andre ord borte. Og dette fører til at den harde polariseringa mellom kubanarar på Cuba og kubanarar i eksil blir brote effektivt ned, og til at den ideologiske kontrollen til partiet effektivt blir undergrave.

4: Digitalisering svekker statens kontroll

Nært knytt til dette er informasjonsmonopolet til staten brote. Det er ikkje mange år sidan vanlege kubanarar ikkje kunne eige ein mobiltelefon eller hadde tilgang til internett. No hentar dei fleste kubanske ungdomar, i alle fall i byane, sine informasjonar om landet og verda rundt seg frå digitale kjelder utanfor statens kontroll. Dyr tilgang til internett blir kompensert med all slags underhaldning og musikk ved at minnepinnar blir selde og bytta som varmt kveitebrød. Partiaviser og statleg radio og TV mister raskt den dominerande posisjonen sin.

Ei tredje viktig forandring er at Raúl Castro, i motsetnad til storebror, er veldig oppteken av at den kubanske staten skal drivast etter kjende og institusjonelle reglar. Det er ikkje lenger plass for Fidels spontane prosjekt, som det svært ofte gjekk galt med. Ikkje minst viktig er det at tilsetting i alle leiande posisjonar i stat og parti no skal ha ei maksgrense på to femårsperiodar. Det vil bl.a. seie at Raúl sjølv, og heile revolusjonsgenerasjonen hans som har leia landet sidan 1959 – dei fleste er no langt oppe i åttiåra – skal tre ut av posisjonane sine i 2018. Då må det komme ein heilt ny leiarskap, og dei fleste vil vere fødde etter revolusjonen. Eitt av dei store spørsmåla no er korleis dette vil endre heile den kubanske samfunnsmodellen.

5: Normalisering av forholdet til USA

Den 17. desember 2014 overraska presidentane Barack Obama og Raúl Castro ei heil verd med å offentleggjere i kvar si tale Washington og Havanna at dei to landa, hadde ført superhemmelege samtalar i halvanna år. I dei føregåande femti åra hadde det diplomatiske sambandet lege brakk. Og no ville dei samarbeide om å normalisere forbindelsane. Kubanarar flest kunne knapt tru at dette var sant. Sidan revolusjonen har dei levd med at USA var sjølve hovudfienden, samtidig som svært mange av dei har slektningar der og i stor grad lever på pengar og gåver frå dei. Mange internasjonale kommentarar gjekk på at den kalde krigen på den vestlege halvkula med dette endeleg var slutt.

For å forstå denne storhendinga må vi gå eit godt stykke tilbake i historia. Cuba var, saman med Puerto Rico, dei to einaste attverande spanske koloniar i Amerika fram til 1899. Men i same augeblink som den lange kubanske kampen for sjølvstende frå Spania var i ferd med å lukkast, blei den kapra av USA, som kontrollerte den heil dominerande økonomiske sektoren i landet, sukkerindustrien. Den kontrollen ville USA ikkje på nokon måte miste. Fordi det var USA som hadde nedkjempa den spanske armada, tiltok USA seg retten til å fastsetje vilkåra for Cubas formelle sjølvstende i 1902. Det såkalla Platt Amendment er eit tillegg til USAS grunnlov som sikra USA rett til å intervenere på Cuba når USA såg sine interesser på øya truga. Det skjedde fleire gonger utover på 1900-talet. USA sikra seg også rett til permanent militært nærvær, ved å etablere Guantánamobasen, som dei framleis beheld.

Teikning: Politicalcartoons.com

Obama med ein arg motstandar av politikken overfor Cuba, den republikanske kandidaten Marco Rubio.

Revolusjonen i 1959 var i like stor grad retta mot det som blei sett på som amerikansk imperialisme, som det var ein kamp for sosial rettferd. Det kubanske borgarskapet flykta ganske snart frå Castros revolusjon, og etablerte seg som uforsonlege fiendar i Miami, rett på den andre sida av Florida-stredet. Derifrå klarte dei også å prege USAs Cuba-politikk heilt fram til 2014, med handelsboikott (eller blokade som kubanarane kallar det), brot på det diplomatiske sambandet, eit storstilt invasjonsforsøk på Cuba (i Grisebukta, 1961) og tallause forsøk frå CIA (USA) på å drepe Fidel Castro. 

Etter kvart har så mange som to millionar kubanarar, 20 prosent av befolkninga, teke seg over til Florida. Men dei nye generasjonane av kubanarar i Florida har ikkje lenger noko ønske om at den amerikanske boikotten skal fortsette: Dei ønsker normale forbindelsar – kunne reise fram og tilbake og halde kontakt med familien sin på øya, og mange vil også investere der. Opphevinga av utreiserestriksjonane har også ført til dette. Denne endringa er veldig viktig for amerikansk politikk. Florida speler nemleg ei avgjerande rolle i det amerikanske presidentvalet, og politikken i Florida blir langt på veg styrt av eksilkubanarane der. Det blir sagt at ein demokratisk presidentkandidat må vinne Florida for å bli valt, og både Barack Obama og den sannsynlege demokratiske kandidaten i 2016, Hillary Clinton, går no inn for å normalisere forholdet til Cuba.

6: Det finst hinder for ei normalisering

Sjølve boikottlova er det berre Kongressen som kan oppheve, og der kjempar det republikanske fleirtalet (saman med dei republikanske presidentkandidatane – to leiande kandidatar har kubansk bakgrunn og to er politikarar frå Florida) framleis med nebb og klør mot dette.

Kampen for å normalisere forholdet mellom Cuba og USA går føre seg også på Cuba, sjølv om meiningsmålingar tyder på at eit overveldande fleirtal av kubanarane støttar ei normalisering. Akkurat som Barack Obama må kjempe med politiske motstandarar om sitt og USAs Cuba-politikk, finst det omfattande skepsis – om enn meir skjult – også i det kubanske maktapparatet mot normaliseringa. Kommunistpartiet oppmuntrar medlemane sine til å fortsetje kampen mot USA-imperialismen. Dei fryktar at den nye amerikanske politikken berre er ein ny og smartare måte å bekjempe den kubanske revolusjonen på. På mange måtar gir høgresida i USA og dei mest bokstavtru kommunistane på Cuba næring til kvarandre når dei opprettheld kvarandres fiendebilete. Korleis kan Cuba helde fram med å forby politisk fridom – som alltid har vore grunngitt med at det er nødvendig for å forsvare seg mot USA-imperialismen – om USA og Cuba får normal kontakt? Og vil republikanske politikarar i Florida miste mykje av den politiske kapitalen sin om Cuba skulle bevege seg i demokratisk retning?

President Obamas nye Cuba-politikk representerer eit dramatisk brot med den Platt Amendment-logikken («plattismen») som USA fram til no har basert forholdet sitt til Cuba på. Obamas forgjengar, George Bush jr., såg det som USAs rett og plikt å fjerne Castro-regimet og innføre demokrati på Cuba, ikkje ulikt dei politiske måla som låg til grunn for intervensjonane i Afghanistan og Irak (sjølv om militær invasjon ikkje lenger var aktuelt på Cuba). Obama har sagt heilt klart at det ikkje er opp til USA – men til kubanarane sjølv – å fastsetje kva slags regime Cuba skal ha. Både motstandarar av den nye Cuba-politikken i USA, og delar av opposisjonen på Cuba ser dette som eit svik i kampen for demokrati og menneskerettar. Her gjeld plattismenframleis.

Bilde av brørne Fidel og  Raúl CastroFoto: Creative commons CC BY-SA 2.0

Dei to brørne Fidel og Raúl Castro

7: Kva vil skje på Cuba?

Fram mot det store generasjonsskiftet som er venta i den politiske leiinga på Cuba i 2018 – med val av ny president og nasjonalforsamling – rår det stor uvisse om retninga for dei kubanske samfunnsforandringane. Vi kan tenke oss ulike scenario for kva som vil skje på Cuba dei neste ti åra:

  1. Cuba kan bli enda likare Kina og Vietnam, med den autoritære kapitalismen deira: meir marknadsreformer utan noka grunnleggjande demokratisering. Ein variant av dette er at landet beveger seg i retning av å likne på Russland. Der beriker det politiske og militære maktapparatet seg (det siste har også kontrollen over dei viktigaste delane av økonomien) seg grovt. Og dei nyttar – om nødvendig - makt for å stoppe politiske reformer.
  2. Ei full normalisering av forholdet til USA kan setje rike eksilkubanarar i USA i stand til å kjøpe opp dominerande delar av kubansk økonomi, kanskje i allianse med dei militær-styrte kubanske statsverksemdene. Dette kan gjere Cuba til ein slags mini-Florida (uinnskrenka kapitalisme, og oppheving av den sosiale tryggleiken som revolusjonen har gitt kubanarane).
  3. Cuba kan nytte dei neste 3–4 åra til å la små og mellomstore bedrifter få vekse fram (bl.a. ved hjelp av investeringar frå familie i utlandet) og bli til ein strategisk del av kubansk økonomi. Dette kan tvinge fram meir politisk pluralisme, eit meir ope samfunn og kanskje ei forhandlingsløysing i retning av eit slags sosialdemokrati med kontrollert kapitalisme og framleis kamp for sosial velferd og rettferd.